Øygarden kommune
 
 
 
Sjå heile menyen

Øygarden kommune

Meny

Nødvendig med stram økonomisk prioritering

Fellesnemnda skal på møtet den 11. februar gje uttale til budsjett og økonomiplan for dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden. Prosjektrådmannen meiner at det samla driftsbudsjettet for 2019 er svekka samanlikna med tidlegare år som følgje av eingongstiltak og store investeringar.

  Stillingsutlysning_Nye_Øygarden_kommune_m_ramme_792x300px.jpg

 

 

I framlegget til uttale seier prosjektrådmannen mellom anna at samla driftsbudsjett er stramt og krevjande og noko unna målsetjinga om økonomiske balanse. Samla investeringar i 2019 utgjer om lag 525 millionar kroner, noko som legg press på drifta. I framlegg til uttale frå Nye Øygarden kommune vert det vist til at intensjonsavtalen har klare mål om å få økonomien i balanse, og for å realisera dette vil det krevjast stram prioritering både i drift og investering dei neste åra.

Andre saker i fellesnemnda den 11. februar

  • Orienteringssak, administrativ organisering nivå 2
  • Val av leverandør av renovasjonstenester
  • Oppretting av interimsstyre Sund VA og FjellVAR m.m.
  • Utkast til vedtekter for føretaket Øygarden Brann- og redning (KF)
  • Lokaldemokrati og identitet, rapport frå arbeidsgruppa – rekneskap 2018 – budsjett 2019
  • Overgang til Nye Øygarden kommune

Før behandlinga av sakene, vert det orientering om StimuLab-prosjektet «Samordna teneste for utsette barn og unge og deira pårørande – ny teneste i ny samanslått kommune» v/ prosjektleiar Kristina Espeseth, prosjektstatus Nye Øygarden kommune v/ prosjektrådmann Rune Lid og om hovudprosjekta v/ prosjektleiarane.

Møtet vert halde på Skjenet og tek til klokka 09.00. Møtet vert overført på nett-TV.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 

Sist endra 05.02.2019 12.01.52
Du ser på en mobiltilpasset utgave av nettstedet.
Trykk her for å gå til den vanlige nettsiden.