Øygarden kommune
 
 
 
Sjå heile menyen

Øygarden kommune

Meny

Ledige oppdrag som støttekontakt

Øygarden kommune v/pleie og omsorgstenesta har ledige oppdrag som støttekontakt for born, unge vaksne og eldre. Vi søkjer kvinner og menn i alle aldrar som kan ta på seg eit oppdrag på 3-4 timar per veke.

 
Arbeidet som støttekontakt inneber å medverke til at personar med behov for bistand får ei trygg, aktiv og meiningsfull fritid.

Støttekontakt.jpg Kvalifikasjonar:

  • Du må vere over 18 år
  • Du må ha førarkort og disponere eigen bil
  • Personlege eigenskaper er viktig – du må vere tålmodig, stabil, pliktoppfyllande og ha evner til å motivere andre

Diverse:

  • Ein støttekontakt arbeider vanlegvis 3-4 timar dag/kveld per veke.
  • Aktuelle aktivitetar kan vere friluftsliv, trening, ulike organiserte fritidsaktivitetar, handleturar, kafébesøk, kino, osb. Aktivitet vert avtala ut frå brukars interesser og ønskjer.
  • Støttekontaktar må kunna forplikta seg til oppdrag for minimum 1 år.
  • Støttekontaktar får dekka utgifter til aktivitetar/kilometergodtgjersle ved bruk av eigen bil.
  • Krav om at politiattest vert førevist.

Andre opplysningar:

Dersom du er interessert i å bli støttekontakt eller ønskjer meir informasjon om dette ta kontakt med pleie og omsorgtenesta ved sakshandsamar/vernepleiar
Eva Bildøy Kronheim, tlf. 56 38 23 00/ eva.kronheim@oygarden.kommune.no.

Sist endra 14.03.2019 17.57.27
Du ser på en mobiltilpasset utgave av nettstedet.
Trykk her for å gå til den vanlige nettsiden.