Øygarden kommune
 
 
 
Sjå heile menyen

Øygarden kommune

Meny

Meld deg på Skjærgårdsrittet!

Dersom du har høve til det, er tida inne for å melda seg på til Skjærgårdsrittet. Vanlegvis vert rittet arrangert 2. pinsedag. Skjærgårdsrittet vert arrangert for 40. gong, og i jubileumsåret går rittet av stabelen allereie sundag den 26. mai.

klar-for-sykkel-vm-3-h700.jpg

- No er tida inne for påmelding til Skjærgårdsrittet den 26. mai, er det klare oppmodinga frå dei tre ordførarane. Frå venstre; Kari-Anne Landro (Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Børge Haugetun (Øygarden).

Ordførarane i regionen slår eit slag for Skjærgardsrittet og oppmodar alle som har høve til det, å finna fram sykkelen og delta på dette flotte våreventyret. Dei meiner dette er folkehelse på sitt beste.

Fjell-ordførar og leiar for fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy, gratulerer Skjærgårdsrittet med jubileet og vonar det inspirerer til ekstra deltaking.

-40 år med årleg sykkelritt gjennom kommunane Fjell, Sund og Øygarden er står det stor respekt av. Eg oppmodar alle som kan tenkja seg å sjå flott natur og kystlandsskap til å melda seg på. Dette er ei oppleving som ein bør få med seg, seier ho.

Ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, seier at sykling er ein fin måte å koma seg raskt fram på og samstundes få mosjon.

- Mange brukar sykkel til og frå arbeid og skule. Uansett om du brukar sykkelen litt eller ofte, så kan deltaking i eit ritt vera ei kjekk oppleving for små og store. Skjærgårdsrittet legg til rette for at ein kan sykla ulike distansar, slik at mange kan delta. På den lengste distansen er ein innom alle dei tre kommunane her vest, og på den måten så er det ei flott opplading til vårt nye fellesskap i Nye Øygarden kommune, seier sundordføraren.

Skjærgårdsrittet.jpg

Litt for ein kvar smak

Deltakarane kan velja mellom fleire klassar. Rittet vert avslutta på Tjeldstø skule med gratis varm lapskaus frå Royal Cateringservice. Stad og dato for startnummer utlevering vert annonsert. Det vert også mogleg å henta startnummer på Straume på rittdagen for dei som startar der. Legg då inn god tid. Det vert returtransport for dei som ønskjer det. Billett til retur kan kjøpast i samband med påmelding.

Kan vinna syklar

I år vert det trekt 3 syklar som er sponsa av Equinor. Desse vert trekt på startnummer blant dei under 18 år.
 

Turklasse (med tidtaking) 85 km

Start: Sartor Storsenter på Straume, Fjell, Steinsland, Klokkarvik, Skogsvåg, Ågotnes.
Mål: Tjeldstø i Øygarden.

Trimklasser (utan tidtaking) 40 km

Start: Sartor Storsenter – Ågotnes – Tjeldstø (mål)

Familietur (utan tidtaking) 20 km

Start: Svelgen bru – Tjeldstø (mål).

Alle Barn Syklar (uten tidtaking) 10 km

Start: Rong Senter – Tjeldstø (mål)

Påmelding hjå EQ Timing, klikk her!

Sjå kven som er påmeldt, Klikk her!

Stad og dato for startnummer utlevering vert annonsert.

Les meir om Skjærgardsrittet her.


Sykkel barn.jpg


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ingunn Teigen, Øygarden kommune

Sist endra 20.05.2019 16.31.10
Du ser på en mobiltilpasset utgave av nettstedet.
Trykk her for å gå til den vanlige nettsiden.