Øygarden kommune
 
 
 
Sjå heile menyen

Øygarden kommune

Meny

Lokalsamfunn med MOT

Logo med tekst, kvit bakgrunn Trygge og engasjerte ungdomar med stor sjølvtillit og positiv framferd er prov på at MOT-arbeidet har stor verdi. Mange ungdommar gir tilbakemeldingar om at MOT gjer ein forskjell.  Som ein sa: ”Eg har fått ny tidsrekning; livet før og etter MOT…”

Lokal MOT-leiar:
Åse Vik
Tlf: 56 38 20 00
E-post : asv@oygarden.kommune.no

Lokal MOT-manager:

Regine Oen Hatten
Tlf: 468 22 577
E-post: regine_hatten@hotmail.com

Lokal MOT-koordinator
Arne-Gunnar Solsvik
tlf: 971 81 277
E-post : ags@oygarden.kommune.no 

Øygarden har vore MOT-kommune sidan 2001. I 2009 vart avtalen utvida til:

Lokalsamfunn med MOT (LmM). Politisk er det stort engasjement i MOT-arbeidet, og  heile kommunestyret stilte seg bak når avtalen med MOT vart fornya i 2009. Kommunen har erfart at MOT sitt verdigrunnlag passar godt inn i kommunen sine tradisjonar, verdiar og kultur, både i Øygarden kommune som organisasjon, men også i lokalsamfunnet elles. Det er kanskje ein av grunnane til at samarbeidet mellom MOT og Øygarden har vore ein suksess. 

Kva er MOT?

MOT vart starta av norske toppidrettsutøvarar i 1997. Initiativtakarar var skøyteløparane Atle Vårvik og Johann Olav Koss.

·        MOT er ein haldningsskapande organisasjon som jobbar for og med ungdom

·        MOT sitt mål er å bidra til robuste ungdommar og trygge ungdomsmiljø

Grunntanken til MOT:

·        Bevisstgjera ungdom til å ta val som gjer at dei meistrar livet

·        Styrkja ungdomen sitt mot til å ta vare på seg sjølv og kvarandre

·        Driva haldningsarbeid med fokus på verdiar, val og tru på eigne krefter

 

Grunnverdiane til MOT:

·        Mot til å leva

·        Mot til å bry seg

·        Mot til å seia nei

Kva er LOKALSAMFUNN MED MOT?

Lokalsamfunn med MOT er ein heilskapleg modell for å nå best mogleg inn til ungdom med MOT sin filosofi og bodskap. Dette vert synleggjort slik:

·        Toppleiarane i lokalsamfunnet og skulane har eigarskap til MOT og ser stor verdi i MOT sitt haldningsarbeid

·        MOT er en raud tråd på ungdommen sine arenaer. Gjennom program i skulen, tiltak på fritidsarenaen, kommunikasjon i media og tilgjengeleg identitetssymbol, kan det å ta eigne val og få mot til å bry seg verta ein livstil for ungdom som ønskjer det

·        Ein har etablert  tamburinteam - lokale team med forskjellige roller frå forskjellige samfunnsgrupper, som skaper felles forståing og deler kunnskap og inspirasjon

Øygarden kommune har hatt, og har eit omfattande MOT-arbeid med faste aktivitetar og ”happeningar”. Faste aktivitetar er mellom anna MOT sitt skuleprogram, foreldrerettleiing og ulike aktivitetar før- og etter skuletid (musikk, sport, IT, leksehjelp osv.). Spesielle ”happeningar” kan vera turar, konsertar, skulefrukost, kick-off m.m. Slike arrangement vert oftast lagt til utsette dagar som 16. mai, 30. april/1. mai, 23. juni m.v. for å unngå rus og utsetja rusdebut. 

Ein populær aktivitet er MOT-økta kvar onsdag morgon kl 07.00 – 08.30. Her møtest om lag 1/3 av alle elevane på ungdomsskulen til fysisk trening og påfølgjande frukost med nysmurte baguettar og juice. Entusiasmen er stor og resultatet er vakne og motiverte elevar. 

Kommunen deler ut MOT-sekk til alle 8. klassingar kvar haust for å skapa felles identitet og eigarskap til MOT-verdiane. Blant dei tilsette vert MOT brukt for å byggja positivt arbeidsmiljø og gode tenester.

Her er nokre bilete frå ei av MOT-øktene:

Frå MOT-økt 27.09.17

 

Frå MOT-økt 27.09.17

Sist endra 28.09.2017 16.02.30
Du ser på en mobiltilpasset utgave av nettstedet.
Trykk her for å gå til den vanlige nettsiden.