Øygarden kommune
 
 
 
Sjå heile menyen

Øygarden kommune

Meny

Avløysarordningane i jordbruket

Beskriving

Avløysarordningane er ein del av velferdsordningane i landbruket. Du kan søkje om tilskott til avløysing ved mellom anna

  • ferieavvikling
  • sjukdom
  • svangerskap/fødsel/adopsjon
  • følgje av sjukt barn til behandling
  • dødsfall i nær familie

Tilskottet skal dekkje utgifter til lønn, feriepengar, arbeidsgjeveravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren.

Oppdatert

11.10.2018 08:51

Kriterium

Avløysaren må vere minst 15 år og kan ikkje ha inntekt frå gardsbruket eller vere ektemake/sambuar til ein som har inntekt frå gardsbruket. 

Føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon, er registrert i Einingsregisteret, er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak

Målgruppe

Landbruksføretak

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere sak. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein kan tenkje at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut. Sjå søknadsskjemaet når det gjeld tidspunktet og retningslinene for utbetaling av tilskottet. Ta eventuelt kontakt med kommunen.

Handsamingstid

Kommunen vil behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Søknadsfrist

I 2018 er fyrste søknadsfrist for produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid 15. mars 2018, og då er det husdyrprodusentar som kan levere søknad. Du kan søkje frå og med 1. mars.

Andre søknadsfrist for søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid i 2018 er 15. oktober, og då er det både husdyrprodusentar, føretak med planteproduksjon og føretak med biekubar som kan levere søknad. Du kan søkje frå og med 1. oktober.

Nye fristar for 2018
 
1. Dei som skal levere del 2 av søknad om produksjons-og avløysartilskot med søknadsfrist 15. oktober:
Del 2 av søknad om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2018 kan leverast frå og med 1. oktober 2018, som er teljedato. Søknadsfristen er 15. oktober 2018. Søknadsfristane i 2018 vil bli praktisert meir fleksibelt, det er derfor mogeleg å levere søknad opptil 14 dagar etter søknadsfristen, det vil seie fram til og med 29. oktober.
 
2. Dei som ikkje leverte del 1 av søknad om produksjons- og avløysartilskot innan fristen 15.mars 2018 eller dei som vil endre opplysingane i del 1 av søknaden:
Dette omfattar:
  1. Dei som har søkt om dispensasjon frå søknadsfristen og fått avslag
  2. Dei som ikkje søkte innan fristen 15.mars 2018, og som heller ikkje har søkt om dispensasjon frå søknadsfristen
Desse to gruppene får no høve til å levere del 1 av søknad om produksjons- og avløysartilskot. Føretaket må fylle ut søknaden på papir, og den må leverast til kommunen innan 29. oktober 2018. Papirsøknaden er tilgjengeleg her.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Rettleiing

Du søkjer ved å logge deg inn på Altinn og sender søknaden derifrå. Tilskotet blir automatisk utrekna, basert på opplysingane i saka. Du kan også hente opp rettleiing og forklaringar inne i systemet dersom det trengst. Når kommunen har behandla søknaden blir svaret og vedtaket sendt til deg via Altinn. 

Referansar

Sist endra 07.01.2019 11.26.19
Du ser på en mobiltilpasset utgave av nettstedet.
Trykk her for å gå til den vanlige nettsiden.