Øygarden kommune
 
 
 
Sjå heile menyen

Øygarden kommune

Meny

Brubyggjaren Øygarden

  Brubyggjaren - frå idé til konsept

Øygarden kommune fekk i 2010 ny grafisk profil. Bak denne lanseringa ligg mykje arbeid som er i historia til Øygarden.

Resultatet er vonleg ein profil som vi kan vera stolte av med ein bodskap som fortel noko om kva rolle Øygarden kommune spelar i lokalsamfunnet.
Øygarden kommune har samarbeidd med byråa Prinfo Grafix i Bergen og InMedia kommunikasjon på Nordfjordeid i utarbeidinga av den nye, grafiske profilen til kommunen. I botnen ligg mellom anna ei omfattande merkevareanalyse, fleire workshops internt i kommunen, ulike designforslag og ein gjennomarbeidd, tekstleg kommunikasjon.

Kommunelogoen

Øygarden kommune har ein eigen kommunelogo som kjem i tillegg til kommunevåpenet.

Denne logoen skal brukast for å styrkje Øygarden kommune sin posisjon i marknaden. Logoen skal kunne brukast i kommunikasjon utad, og dermed vera med å setja kommunen på kartet når del gjeld til dømes rekrutteringstiltak, næringsetablering og tilflytting.

Kommunen har lagt vekt på at logoen skal vera forankra i Øygarden kommune. Det er viktig at ein kjenner seg att i logoen utan at han vert for konkret. Kombinasjonen av øyane i ei hjarteform sender vonleg ut nokre signal som mottakaren tek positivt imot. Det viktige er sjølvsagt at det er samsvar mellom det kommunen kommuniserer og det kommunen faktisk står for. Og på det området har i grunnen alle i Øygarden eit visst, positivt ansvar, meiner kreativ leiar i InMedia kommunikasjon, Steinar Engeland.

Brubyggjaren

Kommunen har vald ordsamansetninga "brubyggjaren" for å skildre rolla til kommunen i lokalsamfunnet. Tanken bak dette er sjølvsagt knytt opp mot Øygarden sine mange øyar som er bunde saman av mange flotte bruer. I tillegg seier "brubyggjaren" noko om Øygarden kommune si rolle som eit bindeledd til dømes mellom innbyggjaranei ulike livsfaser.

Ein har vald å fokusera først og fremst på å posisjonera rolla til Øygarden som eit sentrum for all aktivitet på øyane der det går "bruer" ut frå sentrum til alt som skjer i regionen. Merkevara Øygarden må byggjast på at Øygarden er ein handlingskraftig kommune som skaper verdiar for lokalsamfunnet både gjennom eige virke og som ein katalysator for ekstern aktivitet - eit nav i lokalsamfunnet. Vi går ut frå teorien om at verdiar og synergiar vert skapt når menneske møtest, og at det difor er viktig med ein aktiv brubyggjar som sørgjer for at det oppstår samhandling.

Rolla til kommunen

Ein håpar at den nye profilen vil setja eit positivt fokus på den viktige rolla som Øygarden kommune spelar i lokalsamfunnet som tenesteleverandør innan

pleie/omsorg
skule/barnehage
teknisk
barnevern/sosial
kultur og service

Sist endra 11.03.2016 10.55.30
Du ser på en mobiltilpasset utgave av nettstedet.
Trykk her for å gå til den vanlige nettsiden.